Healing eller forbønn
Per M. Aadnanes, Høgskulen i Volda
Merksemda omkring Snåsamannen har reist fleire spørsmål som fortener å diskuterast nærare. Dei mest nærliggjande det er naturleg å reisa frå skulemedisinsk hald – og på bakgrunn av eit normalvitskapeleg paradigme i det heile – er: Finst det nokon dokumentasjon på såkalla paranormal læking? Er denne i så fall tilstrekkeleg kritisk granska? Og kva for «naturlege» forklaringar kan det eventuelt finnast på slik læking? Slike spørsmål er kort og godt oppskrifta på ei vitskapeleg tilnærming til slike fenomen.
Å ta ei slik rasjonell og kritisk holdning i møte med forteljingar om paranormal læking er likevel ikkje særleg populært i dag. Mykje kan tyda på at folk flest går rundt med langt større grad av tru på alternative lækjeråder, enn det ein frå klassisk skulemedisinsk hold likar å tru. Både den siste mediamerksemda omkring Snåsamannen, og den pågangen både han og andre i den alternative bransjen lenge har hatt av folk som søkjer hjelp for sjukdom og plager, er såleis eit vitnemål om kor sterkt paramedisinske hjelperåder står mellom folk.
Det kan godt vera at det alltid har vore slik at berre nauda er stor nok, er vi villige til å prøva nær sagt kva som helst. Men når slike haldningar no gjer seg sterkare gjeldande i det offentlege rommet enn før, kan det likevel lesast som eitt av fleire uttrykk for eit omfattande mentalitetsskifte. Då talar vi først og fremst om den utbreiinga som nyreligiøse førestellingar og postmoderne holdningar har fått her i landet dei siste tre-fire tiåra. Om folk framleis kan ha problem med å avsløra ei kristeleg lønnkammertru, skjemmest nok mange mindre for å tala om diffuse åndelege interesser og erfaringar. Det næraste vi kjem ei slags felleskulturell truvedkjenning i dag, er ordtaket «Det finst meir mellom himmel og jord…». Ei slik haldning synest no å legitimera alt mogleg frå element av tradisjonell folketru, over okkultistiske førestellingar og parapsykologiske spekulasjonar, til idémessig lausgods frå austleg religiøsitet og kosmologi. Det er då også dette mangfoldige tilfanget av alternativreligiøse førestellingar som i dag kan tilby «forklaringar» på erfaringar som tradisjonell vitskap helst ikkje vil høyra om. Det er såleis ikkje så vanskeleg å skjøna at folk går til alternative terapeutar når dei opplever at skulemedisinske hjelperåder ikkje nyttar.
No er det slett ikkje første gongen at spørsmål kring alternativ læking har skapt debatt. Det er heller ikkje første gongen politikarar har late seg involvera. Midt på 1990-talet kom det såleis ein langt sterkare provokasjon frå politikarhold enn den Bjarne Håkon Hanssen presterte i vanvare. Då tok nemleg formannen i Arbeidarpartiet, Torbjørn Jagland, til orde for å ta alternativ medisin inn i det offentlege helsestellet. Han følgde opp med eit skarpt åtak på skulemedisinen og klaga legane for å sitja fast i inngrodde fordommar. Det kom sjølvsagt kraftig motbør frå medisinsk side. Der var ein uroa over at politikarar som Jagland, heilt utan medisinskfagleg innsikt, likevel sat med makt til å gjera reine skadeverk helsepolitisk sett.
Medisinskfaglege miljø har altså lenge hatt ei vond kjensle av at både politikarar og godtfolk elles ikkje lenger er nøgde med legane sitt monopol på læking og livshjelp. Klagemåla om overtru og okkultisme er såleis slett ikkje nye, men kjem i reprise etter reprise frå legehold. Ved kvart nytt høve hoppar talsmenn for dei ulike posisjonane ned i dei gamle skyttargravene sine. Og no er altså denne stillingskrigen mellom skulemedisin og ulike former for alternativ læking inne i enno ein omgang.
På kyrkjeleg hold har ein også denne gongen stort sett vore nøgde med å observera denne «krigen» med taust ubehag, endå ein for lengst burde ha skjøna at ein faktisk sit midt i skotlina. I alle høve kan kyrkja knapt vona å sleppa unna kuleregnet særleg lenge. For kvifor skal kristeleg forbønn for sjuke kunna fritakast frå det klagemålet om overtru som ulike former for alternativ læking og folkeleg mirakeltru i det heile får høyra frå legehold?
Men er så den livshjelpa som tilbyr meir eller mindre magiske hjelperåder prinsipielt sett meir foreinleg med religiøse livsperspektiv enn dei sekulære vitskapeleg baserte lækjerådene som skulemedisinen har til rådvelde? – På dette punktet bør det kanskje seiast eit par ord om forholdet mellom magi og religion. Tidlegare var det vanleg å operera med eit skilje her. Ein sa då at i magien ville mennesket vera sin eigen gud, sidan ein prøvde å ta kontroll over dei løyndomsfulle kreftene i natur og menneskeliv, medan ein i religionen gjorde det motsette, nemleg å bøya seg for gudane og overlata lagnaden sin til dei. Eit slik oppfatning var nok sterkt prega av eit kristeleg perspektiv, der ein let kristen tru eksemplifisera den holdninga der ein ber i staden for å besverja. Etter kvart har ein likevel innsett at eit slikt skilje knapt let seg dra i praksis. I staden må ein nok heller seia at magiske element og holdningar finst integrerte i dei aller fleste utgåver av folkeleg religiøsitet. Heller ikkje kristeleg prega folkereligiøsitet let seg reinsa heilt for magiske element.
Slik magisk prega «livshjelpsreligiøsitet» er likevel ein stor sekk som rømer så mykje ulikt at det kan vera nyttig å skilja mellom litt ulike tradisjonar på dette feltet. – For det første har den folkelege religiøsiteten i nær sagt alle kulturar alltid hatt eit rom for mirakeltru, ofte i samband med meir eller mindre magisk oppfatta praksisar. «Kloke koner», kvinner som har halde bruk av urter og diverse andre folkemedisinske hjelperåder i hevd, er eitt døme. Eit anna døme er såkalla blodstopping i nordnorsk tradisjon. Men også den folkelege forestillinga om at enkelte personar kan vera utrusta med såkalla «varme hender», og som altså har fått ny aktualitet i samband med mediaomtalen av Snåsamannen, høyrer heime i denne kategorien av folketru-prega lækjekunster. At desse fenomena til vanleg let seg plassera innanfor tradisjonell folketru hindrar likevel ikkje enkelte av desse handspåleggjarane å knyta verksemda si til ei kristeleg prega gudstru, på same vis som Joralf Gjerstad tydelegvis gjer.
For det andre har det, i ly av den oppbløminga av nyreligiøs interesse vi har fått dei siste 30-40 åra, myldra fram eit nytt mangfald av hjelperåder, terapiar og lækjekunster, knytt til teoriar av meir eller mindre eksotisk og «åndeleg» slag. Dette har nær samanheng med heile det uoversiktlege feltet ein på 1980-talet plasserte under etiketten New Age, og som i dag helst blir samla under namnet «alternativmarknaden». Både gamle og nye lækjekunster av alternativt slag har funne eit tilhald her. Såleis kan både slike nær på stovereine disiplinar som akupunktur og homøopati og nyare alternative terapiar som blomstermedisin og bruk av krystallar plasserast under alternativ-fana. Heile denne marknaden har dessutan teke ei høgst konkret og suksessrik form i dei såkalla alternativmessene som blir haldne i mange norske byar, i Oslo, Bergen og nokre andre faktisk to gonger for året. Den største av dei alle er Oslo-messa, der ein lenge har fyllt byen si storstove, Oslo Spektrum. No i det siste har ein så teke i bruk det aller største messelokalet byen kan by på, nemleg Vallhall Arena.
No kan ein operera med ulike kategoriar av hjelperåder innanfor dette alternative feltet. Ikkje alt som blir tilbode på alternativmessene konkurrerer direkte med skulemedisinen. Det verserer såleis ulike magisk prega livshjelptilbod med heilt andre formål enn læking, som t.d. å oppnå eit betre kjærleiksliv eller ein betre økonomi. Heller ikkje dei såkalla sjølvutviklingsterapiane, som meditasjonsøvingar av ulikt slag, har til vanleg eit hovudfokus på sjukdommar, endå om slike praksisar ofte blir marknadsførte som helsebringande. Å dra klåre grenser på dette feltet kan nok by på problem. Likevel er det først og fremst slikt som kan kallast alternative lækjekunster vi interesserer oss for her. Bortsett frå ein del for lengst etablerte alternativmedisinske tilbod kan mykje av dette summerast opp under overskrifta «healing».
Poenget så langt er at både dei nyare alternative og dei tradisjonelle folkelege utgåvene av paramedisinske hjelperåder involverer eit meir eller mindre tydeleg magisk-religiøst førestellingsunivers, og at dei såleis held seg med forklaringar som ligg hinsides einkvar naturvitskapeleg og skulemedisinsk forståingshorisont. Dette gjev ikkje berre skulemedisinen ei utfordring, men også den kristne teologien, for også kristendommen har plass for det vi reknar for overnaturleg. Spørsmålet er då om ikkje det medfører at også kristentrua lyt gje rom for magiske element, og at kristne menneske såleis gjerne kan gjera felles sak med alternativ-folket i kampen mot skulemedisinen sitt livshjelpsmonopol.
Tidlegare var det slett ikkje uvanleg at ein på kristeleg hald, særleg i karismatiske miljø, meinte at all paramedisinsk læking, bortsett frå den dei sjølve dreiv med i form av forbønn, var av demonisk opphav. Dette synspunktet har blitt sjeldnare med tida, i takt med den tiltakande normaliseringa av alternative terapiar og medisin. Men det er likevel ikkje mange på kyrkjeleg side som har gått til det motsette ytterpunktet, og heller møtt påstandane om paranormal læking med skepsis og mistru. Dei ferraste ønskjer nok å gjenta den rasjonalistiske teologien sitt forsøk på å «reinsa» den kristelege gudstrua for det overnaturlege. Når ein i tillegg har folk i denne bransjen som også held seg med kristelege grunngjevingar og forklaringar på verksemda si, slik Toralf Gjerstad tydelegvis gjer, skal det litt til for å kombinera kristentrua si med ein naturvitskapeleg grunna skepsis. Dette gjer spørsmålet etter ei teologisk forståing av paramedisinske lækjeråder, og dei eventuelle effektane dei har, desto meir påtrengjande.
Den haldninga som ser ut til å ha fått størst kyrkjeleg gjennomslag for tida er ei tilnærming der ein tenkjer seg at paranormal læking skjer utfrå evner og krefter som er ein naturleg del av Guds skaparverk. Endå om vitskapen enno ikkje har kunna forklara slike ting godt nok, bortsett frå å visa til ein eventuell placebo-effekt, kan ein difor sjå stort på dette frå kyrkjeleg synstad, og såleis gjerne tilrå folk å nytta seg både av alternativ medisin, healing og varme hender.
Gjennombrotet for dette synspunktet let seg lokalisera til den gjennomgangen av den nyreligiøse terapi-problematikken som Arne Tord Sveinall, ved Institutt for Sjelesorg, Modum Bad, gjorde gjeldande i boka Det virker jo… frå 1995. Denne boka vart til i samarbeid med ei tverrfagleg gruppe, på oppdrag frå Egede Instituttet. I motsetnad til dei åtvaringane mot demonisk påverknad som framleis kunne lyda i enkelte kyrkjelege miljø, konkluderte Sveinall med at mange av desse terapiane kunne løysast frå den (ny)religiøse konteksten sin og oppfattast som ein livssynsnøytral praksis. Og føresetnaden for dette var nettopp den tanken at skaparverket rømer krefter som vitskapen ikkje kan forklara enno. På dette grunnlaget meinte han at fleire av dei paranormale lækjekunstene burde kunna «døypast» som han sa, og såleis til og med få ein plass innanfor eit kyrkjeleg diakonalt perspektiv.
I Sveinall si drøfting mangla det likevel ei avklåring av forholdet mellom alternative lækjekunster og tradisjonell kristeleg forbønn for sjuke. Etter mitt skjønn er det likevel her tampen eigentleg brenn for kristen teologi. I ei tid der skulemedisinen kjempar mot mentalitetsendringar som synest å favorisera alternative lækjekunster, treng også kyrkja å diskutera sin eigen posisjon i dette biletet.
Det er grunn til å merka seg at også handspåleggjarar som held seg med ei tradisjonell kristeleg tru, likevel opererer på eit vis som fell utanfor ein typisk kristeleg forbønnspraksis. For dei ferraste av dei hevdar at det er bønnene deira som eventuelt lækjer, men viser heller til noko dei opplever som ein personleg givnad. Faktisk er den elles omstridde forbønnspraksisen som predikanten Svein-Magne Pedersen driv, nærare ei tradisjonell kristeleg forståing av læking ved bønn, enn Snåsamannen si verksemd med varme hender. For Pedersen viser ikkje til personlege evner, men satsar alt på at Gud vil høyra bønnene hans. Endå om Pedersen sin særeigne forbønnspraksis møter alvorlege innvendingar av både teologisk og moralsk slag, rører det eigentleg ikkje ved det teologiske poenget det er å skilja mellom forbønn og særlege lækjeevner.
Å dra grenser mellom kristeleg forbønn for sjuke, gammaldags handspålegging og nymotens alterantivreligiøs healing-aktivitet er likevel sjeldan noko poeng for media når dei er på jakt etter sensasjonar. Det er dessutan lite sannsynleg at folk flest held seg med slike prinsipielle skilje. Men for kyrkja er det likevel viktig å reflektera teologisk over dette skiljet når ho skal posisjonera seg i denne debatten.
Korleis kan ein så oppfatta forholdet mellom kristentru og det ein måtte meina og tru om paranormal læking frå teologisk synsstad? Debatten har vist at dei fleste former for paramedisinske lækjekunster risikerer å komma i konflikt med skulemedisinen. I utgangspunktet er det difor lett å tenkja seg at også den kristelege forbønna pådreg seg slike konfliktar. Spørsmålet rører likevel med den heilt grunnleggjande forståinga av kva kristen tru eigentleg er. På dette punktet kan det vera nyttig å ta fram att det tradisjonelle skiljet mellom religion og magi. Om det ikkje kan seiast å gjelda for all religion, kan det i alle høve seia noko om det særeigne ved kristentrua. Ei kristen trushaldning handlar nemleg først og fremst om å overgje livet sitt tillitsfullt i Guds hender. Bønn innanfor eit kristeleg trusperspektiv er såleis alltid uttrykk for ei overgjeving til Gud, også i møte med sjukdom og andre livsproblem. Og det er noko heilt anna enn å prøva å komma plagene til livs ved å manipulera med elles upåviste «energiar». Det er difor viktig å slå fast at kristentru er noko anna og meir enn berre mirakeltru.
I eit kristent trusforhold høyrer altså forbønn naturleg med. Men sidan den trua slik forbønn kviler på ikkje berre er ei mirakeltru, utelukkar ho sjølvsagt heller ikkje ein normal bruk av moderne skulemedisinske hjelperåder. Det er også svært viktig at forbønna skjer i ein sjelesørgerisk kontekst, der ein får hjelp til å bli i den truande overgjevinga. Det som då måtte skje av læking i samband med forbønna, anten denne lækinga let seg forklara på normal skulemedisinsk vis eller ikkje, vil såleis ideelt sett skje innanfor den grunnleggjande trusovergjevinga. Slik sett vil det altså vera ei avsporing om ein i staden let seg utfordra til tru på meir eller mindre magisk oppfatta verkemidlar, eller til å prøva seg på trusmessige krafttak i det heile. Poenget er nemleg at også den som tvilar på at noko mirakel vil skje, er like godt kvalifisert som nokon mirakeltruande til å leggja seg i Guds hender.
No skal det likevel seiast at det er nærliggjande for kristne menneske å meina at mirakuløs læking kan skje, sidan ein stor del av evangelieforteljingane om Jesu møte med menneske handlar nett om dette. Det er då også svært forståeleg at mange let seg overtyda om at medisinsk uforklarleg læking faktisk skjer også i dag, når personar ein elles har tillit til kan fortelja om eigne erfaringar av dette slaget. Og det er like forståeleg at dei forteljingane som no verserer om den sympatiske og velmeinande Toralf Gjerstad sine mirakelgjerningar, imponerer eit stort publikum, som etter alt å dømma også inkluderer mykje av kristenfolket her til lands.
Lat det også vera sagt at det ikkje er nokon grunn til å klandra dei som søkjer hjelp hos Snåsamannen og andre av liknande slag. Også folk som let seg overtyda av vitnemåla til slike som meiner dei har fått hjelp, har sjølvsagt krav på respekt. Så lenge ein kan unngå å oppfatta slik tru på mirakel som eit kvalifiserande element av sjølve kristentrua, torer det vera forholdsvis uproblematisk kristeleg sett kva folk meiner om slike ting. Likevel, nett det å kunna skilja mellom kristentru og meir eller mindre magisk prega mirakeltru, gjer det klårt at også menneske som møter påstandar om mirakel med skepsis, og som tillet seg å etterlysa gransking og «bevis», kan ha ei like ekte kristentru som det dei mirakeltruande har.
Det er likevel ein fare med den kristeleg farga mirakeltrua at ho kan invitera til ei anna form for tru enn den kristne, i nært naboskap med magiske førestellingar. Det er då også ofte vanskeleg å avgjera kva som verkeleg har hendt når nokon fortel om paranormal læking og hjelp. Skal ein rekna meir eller mindre mirakuløse opplevingar som verknader av «normal» innbilningskraft, såkalla placebo? Eller skal ein godta alternativmiljøa sine eigne forklaringar om at paranormale evner og åndelege energiar gjer seg gjeldande? Ein bør i alle fall ikkje vera blind for at det alternative feltet gjev sjarlatanar av ulikt slag høve til å boltra seg mellom elles velmeinande healerar. Kanskje skulle ein på kyrkjeleg hold også lata seg uroa ein tanke av at talsmenn for alternative livshjelptilbod ofte møter kritiske spørsmål og granskande skepsis med sterk aversjon. For kyrkja og teologien må det i alle fall vera viktig å verna kristentrua mot å bli forveksla med menneske si varierande evne til å innbilla seg ting. Av denne grunnen bør ein frå teologisk side vera heller varsam med å framstilla det som ei kristeleg dygd å «tru» på det overnaturlege.
| © KRL-nettverket 2005 |
| Statisk meny · Dette er en statisk forenklet utgave av et databasebasert nettsted · Dynamisk meny |