Da Vinci-kodens suksess - treng vi bry oss?

Om ulike slag Jesus-bilete i samtida

Per M. Aadnanes, Professor, Høgskolen i Volda

For snart to år sidan, i juni 2004, kom den no så namngjetne spenningsromanen The Da Vinci Code på norsk. Boka som var utgjeven i USA i mars året før, hadde alt nådd å bli ein internasjonal bestseljar. Våren 2004 var ho den mest selde pocketboka på engelsk hos Tanum på Karl Johan. (Vårt Land 15. april 2004) Etter berre eitt år var ho alt trykt i nær 6,5 millionar eksemplar. Etter to og eit halvt år, hausten 2005, var boka omsett til 44 språk og selt i ca. 36 millionar eksemplar. Berre den norske utgåva skal visst nok vera seld i eit opplag på ca 320 000 no. Vi talar altså om ein suksess på linje med Harry Potter. Og som alle store romansuksessar måtte sjølvsagt også denne transformerast til filmlerretet. Superstjerna Tom Hanks har fått spela hovudrollen, medan Ian McKellen, Gandalf frå Ringenes herre, har ein annan sentral rolle. Etter ei omfattande marknadsføring kom filmen på kinoane no i mai, og ser ut til å bli ein kassasuksess, trass i til dels ganske dårleg mottaking mellom kritikarane. Forlaget til Brown har i alle høve trykt opp nye millionar eksemplar av boka i påvente av den nye interessa filmen måtte vekkja.

1. Ein konspiratorisk suksess

Kva kan vera forklaringa på denne suksessen? Hadde forfattaren, Dan Brown, som alt hadde fleire og langt mindre selde kriminalromanar bakom seg, denne gongen skrive ei så mykje betre bok enn før? Få meldarar ville seia det. Endå om mange kommentatorar både i inn- og utland let seg fascinera av ”Koden”, hausta Brown på ingen måte berre godord, korkje om sjølve tematikken, handlinga eller den litterære kvaliteten.

Likevel er det etter alt å dømma noko ved sjølve tematikken – kanskje til og med på tross av ein middelmådig litterær kvalitet – som har gjort boka til ein bestseljar. Det temaet historia er spunnen kring er nemleg i seg sjølv både pirrande og pikant. Det handlar om den påstanden at kyrkja med bodskapen sin om Jesus som ein guddommeleg frelsar, har halde det gåande med ein totusenårig gigantisk svindel. Den elles spennande handlinga får såleis ein ekstra spenst ved å inkludera ein fantasifull konspirasjonsteori, nemleg om korleis den romersk-katolske kyrkja, og med den også den kristne religionen, som har vore sjølve sivilisasjonsbæraren i den vestlege verda heilt fram mot nyare tid, blir avslørt som eit einaste stort svindelforetak.

Nøkkelen til denne avsløringa plasserer forfattaren i ei fantasifull omtolking av gralsdiktinga frå høgmellomalderen. Denne har han etter alt å dømma lånt frå ein annan bestseljar, nemleg Holy Blood, Holy Grail, utgjeven av nokre journalistar tidleg på 1980-talet. I segnstoffet frå mellomalderen var gralen namnet på det begeret Jesus hadde bruka då han innstifta nattverden, og som ein også skulle ha samla opp Jesu eige blod i, då han vart stukken i sida medan han hang på krossen. I Holy Blood, Holy Grail, blir gralen derimot oppfatta som eit symbol for morslivet til Maria Magdalena, sidan ho i følgje forfattarane av denne boka hadde fått barn med Jesus. Den løyndommen som kyrkja heile tida hadde undertrykt var nemleg at Jesus hadde vore gift med Maria Magdalena, og at han hadde barn med henne. Etter korsfestinga hadde ho flykta til Sør-Frankrike. Og ved ein fantasifull bruk av alt eksisterande spekulasjonar, hadde dei komme fram til at det barnet Maria Magdalena hadde med Jesus var opphavet til den frankiske kongeslekta i tidleg mellomalder, merovingarane.

Det er altså denne nye ”gralsforteljinga” Dan Brown spinn historia si omkring. Rett nok tek han i bruk idear også frå feministisk orienterte forfattarar på dette feltet. Såleis let han barnet Maria Magdalena føder vera ei jente, som til og med får namnet Sara. Etter kvart som gåtene blir løyste utover i handlinga, kjem det også for ein dag at det framleis finst etterkommarar etter Jesus. Og det verkeleg store klimaks når handlinga då det til sist viser seg at ingen ringare enn den kvinnelege hovudpersonen i romanen, etterforskaren Sophie Neveu, så å seia har ”gralens blod” i årane sine.

Løyndommen om gralen er likevel berre grunnstamma i Browns konspirasjonshistorie. I tillegg er denne krydra med diverse andre ingrediensar. Først og fremst dreiar det seg om at eit hemmeleg selskap, Sion-ordenen, har vakta over Jesu slekt gjennom hundreåra. Denne ordenen har hatt fleire verdskjende namn, m.a. renessansegeniet Leonardo da Vinci, på lista over stormeistrar. Også dette har Brown lånt frå Holy Blood, Holy Grail. Men han har også henta inn andre fantaifulle bidrag. Såleis let han Leonardo sine mest kjende kunstverk, t.d. Nattverden, innehalda løynd informasjon om Jesu ekteskap med Maria Magdalena. Og han gjev Sion-ordenen ein rolle som ei slags undergrunnssekt, som midt i ein kultur dominert av det maskuline og patriarkalske gudsbiletet kyrkja stod for, hadde greidd å ta vare på det feminine elementet i guddommen. Dette hadde medlemmene greidd gjennom å praktisera ein hemmeleg kult der eit rituelt samleie representerte høgdepunktet. Dersom Jesus hadde stifta nokon religion i det heile, var det altså ein slik det dreia seg om.

Konspirasjonshistorie blir så dette for alvor når Brown let det omstridde romersk-katolske selskapet Opus Dei komma på sporet av Sion-ordenen. Her diktar han opp fanatiske personar som er villig til å setja alt inn på å hindra ei øydeleggjande avsløring av kyrkja, ja, om det så skulle bli naudsynt å likvidera både leiarskapen i Sions-ordenen og Jesu etterkommarar. Og det er nettopp den jakta som ein nidkjær medlem av Opus Dei blir send ut på, etter ordrar han trur kjem frå organisasjonen, som skaper det handlingsmessige drivet i romanen. Starten på det heile er mordet på den siste stormeisteren i ordenen, Jacques Saunière, som i sitt borgarlege liv var konservator ved Louvre-muséet i Paris. Hovudpersonane og heltane i soga, Harvard-professoren Robert Langdon og den før nemnde etterforskaren Sophie Neveu, som også var barnebarnet til Saunière, må nemleg gjennomføra eit slags rebusløp for å avsløra den pikante løyndommen. Og medan dei såleis prøver å tolka svært så kryptiske symbol og meldingar, har dei heile tida både politi, ein livsfarleg snikmordar frå Opus Dei og andre skurkar hakk i hel.

Endå om sjølve handlinga er dyktig nok skrudd saman, skil ho seg som nemnt i kvalitet knapt frå den jamne flaumen av spenningsromanar av ulikt slag som flyt over bokhandlardiskane i dag. Difor har ein helst drege den konklusjonen at det er sjølve konspirasjonsteorien, den sensasjonelle påstanden om at kyrkja og kristendommen i det heile kviler på ein gigantisk svindel, som har fascinert publikum så sterkt at boka har vorte ein internasjonal bestseljar.

Det er ikkje så vanskeleg å forstå at den vanlege lesaren, som vi ikkje kan venta skal vera særleg kyndig teologisk eller historievitskapeleg, kan stilla kritiske spørsmål til barnelærdommen sin i forlenginga av Da Vinci-koden. – For er det no så sikkert at den Kristus som kyrkja forkynner er forankra i historiske realitetar? Er det ikkje så at nye funn og nytt kjeldemateriale har gjeve oss ny kunnskap om den historiske personen Jesus? Og har ikkje kyrkja alltid vore temmeleg uvillig til å lata seg korrigera av forskninga på dette feltet?

Det er såleis heller ikkje vanskeleg å skjøna at det har spreidd seg ei viss uro omkring Da Vinci-koden, både innanfor kyrkjene, i teologiske fagiljø og mellom vanlege kristne. For den populariteten romanen har nådd kan knapt tolkast annleis enn som eit sterkt indisium på kor utbreidd og allmenn mistrua til tradisjonell kristendom har vorte i vår tid.

2. Jesus i klemme mellom teologi, forskning og fiksjon

No er det sjølvsagt ikkje noko nytt at det verserer ulike meiningar om Jesus. Faktisk har inga kyrkje eller nokon kyrkjeleg instans nokon gong kunna rekna med å ha noko tilnærma monopol på biletet vårt av Jesus. Dette har det vore nyansar i og usemje om både innanfor og utanfor kyrkjeleg samanheng heilt frå starten av. Ja, i følgje evangelia må diskusjonen om kven Jesus eigentleg var, ha vore temmeleg intens også medan han levde og verka. Alt då spreidde oppfatningane seg over heile skalaen, frå å hevda at han gjekk djevelens ærend til å hylla han som Guds son. Og etter som århundra har gått, og samfunn, kultur og livsperspektiv har endra seg, har vi halde fram med å produsera nye versjonar av Jesus.

Utan at vi kan gå i detaljar vil det vera av interesse her å peika på nokre hovuddrag i denne historia. Slik kunnskap vil nemleg kunna hjelpa oss både til å forstå det særeigne ved det slaget Jesus-bilete Da Vinci-koden gjev døme på, og til å oppfatta tydelegare kva slag utfordringar kyrkja møter i slike konspirasjonsteoriar.

I første omgang kan det vera grunn til å skilja mellom førmoderne og moderne Jesus-bilete. Det er nemleg viktig å vera merksam på at dei oppfatningane om Jesus som vann fram i oldtida, og som sidan har vore det grunnlaget dei fleste kyrkjer byggjer på, frå opplysningstida av har vorte omstridd og problematisert. I denne samanhengen tillet vi oss altså å kalla den kunnskapen om Jesus som kyrkja si Kristus-vedkjenning representerer, for førmoderne. Føresetnaden for denne kunnskapen var at kyrkja, ved å ta vare på apostlane sine autoritative vitnemål, meinte ho sat med ei guddommeleg openberring. Det vi kallar moderne Jesus-bilete har derimot eit heilt anna grunnlag, nemleg ein sekulær, reint fornuftsmessig tilnærmingsmåte. Og poenget er at eit slikt sekulært perspektiv, først og fremst i historievitskapeleg form, etter kvart også har vorte gjort gjeldande i teologien. Det grunnleggjande kjenneteiknet for alle Jesus-bilete moderne teologi har produsert er såleis det at menneskeleg fornuft og gransking har fått høve til å overprøva dei openberra sanningane. – Lat oss sjå litt nærare på desse to tilnærmingane.

Også i den førmoderne tilnærminga fanst det sjølvsagt ulike oppfatningar om Jesus. Men for kyrkja galdt det altså å ta vare på det ein heldt for å vera ei guddommeleg openberring. Dei mange teologiske diskusjonane ein hadde ført gjennom dei tre-fire første hundreåra av kyrkjehistoria, hadde for det første resultert i ei avklåring av ein såkalla kanon, dvs. kva for skrifter som innheldt det apostoliske vitnemålet. Alt dette måtte utelukka ein god del av dei Jesus-bilete som etter kvart kom i omløp. For det andre hadde ein ført lange diskusjonar om korleis ein skulle fortolka dette vitnemålet. Og i desse hadde ein sjølvsagt måtta ta stilling til ulike konkurrerande oppfatningar av Jesus, først og fremst slike som hadde gnostisk opphav og som gjorde Jesus meir til ein vismann enn til ein guddommeleg frelsar. Resultatet av desse teologiske stridane i oldkyrkja sit vi framleis med i form av fleire sett av trusartiklar, som kyrkjene sidan helst har vilja oppfatta som nærmast tidlause formuleringar av dei openberra trussanningane.

I den moderne tilnærminga som gjer seg gjeldande frå opplysningstida av, er det ein grunnleggjande føresetnad at den menneskelege fornuften skal vera den øvste dommaren for alt som kan kallast kunnskap, også religiøs slik. Det ein hevda var openberring måtte difor kunna prøvast mot det ein kunne godta som fornuftig. Også dei heilage skriftene måtte kunna prøvast slik. Det var det som skjedde i den såkalla rasjonalistiske teologien, der ein t.d. var oppteken av å bortforklara det overnaturlege ein fann i mange forteljingar om Jesus. Etter kvart vart evangelia også utsett for ein moderne historisk kritikk, der teologar utfrå ulike metodiske perspektiv prøvde å bruka dei som historiske kjelder til Jesu liv. Utviklinga av denne historisk-kritiske bibelforskninga skulle i løpet av 18-og 1900-talet kasta av seg fleire ulike Jesus-bilete, der mange likevel hadde det til felles at dei kom i konflikt med den tradisjonelle kyrkjelæra. Nokre fann at Jesus måtte ha vore ein patriotisk jøde med messiasambisjonar, men då han mislykkast politisk gjorde tilhengjarane han til ein åndeleg leiar og frelsarskapnad. Dermed kunne det hevdast at kyrkja si Kristus-tru eigentleg var ein myte. Andre, som dei såkalla liberale teologane frå slutten av 1800-talet, såg derimot ein genial moralfilosof i Jesus, og meinte han hadde forklart korleis ein kunne realisera Gudsriket på jorda. Nye rundar med Jesus-forskning dei siste 40-50 åra har så både fornya, variert og supplert slike bilete av mannen frå Nazaret. Og enkelte nye variantar har komme til, som t.d. at Jesus var ein første talsmann for feministiske oppfatningar.

Dei viktigaste erfaringane dei teologiske fagmiljøa sit att med etter dei ulike historisk-vitskapelege leiteaksjonane etter den ”verkelege” Jesus, kan summerast opp i to punkt: For det første er det fort gjort, også for såkalla seriøs forskning, å forsyna Jesus-portrettet sitt med drag frå dominerande mentaliterar og ideologiske preferansar frå si eiga samtid. Og for det andre har ein ikkje funne fram til noko påliteleg alternativ til det kjeldematerialet som finst i den skriftsamlinga som oldkyrkja autoriserte, og som kyrkjene den dag i dag held for autoritative, nemleg Det nye testamentet. Nyare skriftfunn frå oldtida kan nok kasta lys over Jesu samtid, men anten seier dei ingen ting konkret om personen Jesus, eller, dersom dei gjer det, har dei opplagt mindre vitneverdi sidan dei utan unntak har vorte til på eit seinare tidspunkt enn dei nytestamentlege evangelia.

Trass i den smule sjølvkritikk forskinga på dette feltet kan ha tileigna seg er det likevel nokså utenkeleg at ho nokon gong vil kunna avkrefta, eller for den del: bekrefta, det vesentlege i kyrkja si Kristus-vedkjenning. Dette må seiast endå om mykje av det ein på forskarhold i dag reknar for sannsynlege særdrag ved Jesus, slett ikkje er uforeinleg med kyrkja si Kristus-tru. Det gjeld slikt som undergjerningar og demonutdrivingar, konfliktar med talsmenn for det jødiske religiøse etablissementet, omsorg for dei forakta og utstøytte i samfunnet, og kanskje også ei sjølvforståing som utsend frå Gud for å innleia Gudsrikets tidsalder. Det er likevel viktig å innsjå at inga utgåve av den historiske Jesus, så lenge denne er utmeisla på reint sekulære historisk–vitskapelege føresetnader, eigentleg kan støtta eintydig opp om kyrkja si Kristus-tru. Tvert om kan ein tru og meina mykje ulikt om den Jesus historieforskninga er i stand til å la oss skimta.

Når dette er sagt er det likevel eit anna poeng som er minst like viktig i vår samanheng. For endå om den historisk-vitskapelege Jesus-forskninga korkje kan bekrefta eller avkrefta kyrkja si Kristus-tru, så kan ho i alle høve avsløra mange av dei meir fantasifulle bileta av den historiske Jesus som har vore i omløp grovt rekna det siste hundreåret. Då talar vi om ein tredje kategori av Jesus-bilete, til skilnad frå både dei førmoderne og dei moderne, nemleg dei vi gjerne kan kalla postmoderne. Og det er denne gruppa teoriane i Da Vinci-koden høyrer heime i. – Lat oss sjå litt nærare også på dette slaget Jesus-bilete.

Hovudpoenget med å karakterisera visse oppfatningar som postmoderne, er at dei ikkje viser særleg mykje respekt for tradisjonelle vitskapelege perspektiv og framgangsmåtar, men gjerne tillet seg å velja å vraka mellom kjelder og informasjon på nær sagt smaksmessig basis, og opnar gjerne for alternative tolkingar og tilnærmingar. I slik postmoderne meiningsdanning kan ein såleis komma til å danna seg både originale, spekulative og temmeleg fantasifulle oppfatningar. At ein så i neste omgang også kan tillata seg å gje slikt ut for å vera like vitskapeleg grunna oppfatningar som slike dei etablerte fagmiljøa står bak, høyrer også med til det postmoderne frimotet.

Å gje eit tilnærma dekkande oversyn over dette slaget meir fantasifulle Jesus-bilete, er ikkje mogleg innanfor rammene her. Enno ein gong lyt vi nøya oss med nokre grovsorterte kategoriar. Føresetnadene for desse alternative forestillingane om Jesus er av stort sett tre slag.

For det første teier evangelia om ein lang periode i Jesu liv, nemleg frå 12-årsalderen og til han stod fram offentleg, til vanleg rekna å ha vore i 30-årsalderen. Og i desse 18-20 åra føreset ein at det må ha skjedd viktige ting, som kyrkja har hatt sine eigne grunnar for å underslå. Det er eigentleg berre å sleppa fantasien laus.

For det andre hevdar ein at det finst andre og betre kjelder om Jesus enn dei kyrkja har teke vare på, og som historikarar for det meste har halde seg til. Oftast nemnt i så måte er nokre gnostiske (evangelie)skrifter og skrifter frå dei såkalla Qumran-funna.

Og for det tredje blir det hevda at det parallelt med den offisielle kyrkja heile tida har eksistert hemmelege ordenar, undertrykte kultar og forfølgde kjettarrørsler som har teke vare på ein hemmeleg kunnskap om Jesus. På slikt grunnlag har det så vorte lansert ei rad av ”eigentlege sanningar” om Jesus, t.d. at han var ein tur til India og tileigna seg den austlege visdommen, at han overlevde korsfestinga og stifta familie, at han var gift med Maria Magdalena og hadde barn med henne, og – slik Da Vinci-koden med belegg i Holy Blood, Holy Grail påstår – at han er stamfaren til ei fransk kongeætt, som har etterkommarar den dag i dag.

Desse postmoderne Jesus-bileta har i særleg grad vorte utnytta i nyreligiøs samanheng, t.d. i forsøk på å lansera ein visdomsreligiøsitet av tilnærma gnostisk slag. Men dei kan også ha vore nyttige i meir ideologisk samanheng, t.d. slik vi alt har nemnt som eit alibi for feministisk kritikk av kyrkja. Felles for dei tre føresetnadene vi har nemnt er likevel at dei alle inneheld eit viktig moment av konspirasjonsteori, nemleg eit klagemål mot kyrkja for å ha løynt og forfalska sanninga om Jesus. Men det er òg viktig å merka seg at dette klagemålet samstundes rammar det aller meste av det seriøse historievitskapelege arbeidet som er gjort med alt kjeldemateriale som i det heile kan seiast å ha noka tilknyting til Jesus. At dette burde slå nokså øydeleggjande attende på desse konspirasjonsteoriane, synest likevel ikkje å ha gått opp for det lesande publikumet. – Avslutningsvis skal vi fundera litt over grunnane til det.

3. Avsløringar – men utan suksess?

Dan Brown har altså skrive det vi noko uhøgtideleg gjerne kallar ein ”røvarroman”. Og hadde han utan atterhald vedgått det, t.d. ved å presisera i forordet at alle dei implisitte påstandane i romanen om Jesus, kyrkja, hemmelege selskap osv. også er rein fiksjon, kunne det kanskje ha dempa uroa i kyrkjelege krinsar noko. Men Brown gjer i staden det motsette. I ei såkalla faktaliste innleiingsvis i romanen, i fleire intervju, og på eigne nettsider, held han fast på at romanen på slike punkt byggjer på faktiske forhold, eller i alle høve på svært sannsynlege teoriar. Dermed har han i fullt alvor kasta ein hanske til tunge bibelfaglege og kyrkjehistoriske fagmiljø. Og han har etter kvart fått mange solide og velgrunna svar. Så mange at vi etter få år faktisk kan rekna med ein heil litteratur, langt på veg ein eigen sjanger, som er skriven einast med det formålet å avsløra dei mange påstandane i Da Vinci-koden som svindel og bedrag. Det er då heller ingen tvil om at det reint sakleg sett ikkje finst stein på stein att av Brown sine konspiratoriske påstandar etter desse rundane med avsløringskampanjar.

På nytt må det seiast at vi ikkje har høve til å gå i detaljar om dette. Men tre viktige avsløringar skal likevel nemnast.

Den første gjeld påstandane om eksistensen av ein Sion-orden frå ca. 1100. Den hemmelege ordenen skulle ha hatt nær tilknyting til dei sagnomsuste tempelriddarane, og hadde som nemnt til oppgåve å ta vare på ætta etter den første frankiske kongeslekta, merovingarane. Kjende menn som Leonardo Da Vinci, Isaac Newton, Victor Hugo skulle ha vore stormeistrar.

Bakgrunnen for desse fantastiske påstandane har ved nærare gransking vist seg å vera ein obskur ”orden” som ein fransk nasjonalist og rojalist, Pierre Plantard, skipa på 1950-talet, opphaveleg som ein interesseorganisasjon for folk som syntest dei kommunale husleigene var for høge. Men så hadde han fått kjennskap til ei lokal røvarhistorie om eit skattefunn frå korsfarartida. Plantard tok tak i denne og hevda at skatten eigentleg var nokre pergamentrullar som fortalde slektshistoria til merovingarane. Ifølgje rullane kunne desse frankiske kongane føra anene sine attende til ei jødisk kongeætt. Dermed kunne også Sion-ordenen hans fornyast på langt meir ambisiøs vis. No vart denne ein hemmeleg orden som hadde halde blodslina frå merovingarane intakt heilt sidan korsfarartida. Plantards påfunn fekk etter kvart store dimensjonar. Såleis vart det produsert falske dokument som til og med vart deponert i Nasjonalbiblioteket i Paris. Og han involverte eit par venner i opplegget sitt. Det heile tok likevel til å rakna då den eine av desse skreiv ei bok om skatten av pergamentrullar. Boka vakte oppsikt og selde godt, såpass godt at det vart strid mellom vennene om fordeling av inntektene av salet. Og i rettsaka om dette vedgjekk den eine at rullane var fabrikerte av han. Sidan har Plantard sjølv også måtta vedgå at det heile, inkludert dei dokumenta han hevda å disponera frå denne ordenen, var eit falsum frå ende til annan. Men forfattarane av Holy Blood, Holy Grail hadde alt gått på limpinnen då Plantard vedgjekk svindelen sin.

Den andre viktige avsløringa gjeld den omtolkinga av gralsdiktinga som Brown har overteke frå Holy Blood, Holy Grail, der gralen altså ikkje skal oppfattast bokstaveleg som det omtala begeret, men som morslivet til Maria Magdalena. Denne tolkinga er så full av kunnskapslause og uholdbare påstandar, at det nærmar seg det pinlege. I Holy Blood, Holy Grail driv ein såleis amatørfilologi på i sjølve uttrykket ”heilag gral”. På fransk kunne dette lesast som ”kongeleg blod” (”sangreal” som ”sang real”), hevdar forfattarane. Problemet er berre at dette språkleg sett er vrøvl, anten ein no etterprøver det med latin, gammalfransk eller moderne fransk. Vidare: At tempelriddarane – etter fiksjonen her som aktørar for Sion-ordenen – skulle ha hatt noko å gjera med gralen i ei eller anna meining, finst det ingen kjelder som seier noko om. Og i tilfelle gralen skulle gjelda Maria Magdalena, må ein hugsa at det ligg meir enn tusen år mellom henne og tempelriddarane. Også sjølve koplinga mellom Maria Magdalena og gralsdiktinga er eit reint fantasiprodukt frå desse forfattarane si side. Det finst inga slik kopling i noka kjelde, og slett ikkje i forteljingane om gralen frå mellomalderen.

Den tredje og siste avsløringa eg skal nemna gjeld påstandane om at Jesus var gift med Maria Magdalena. Kjeldebelegget for ein slik hypotese er stort sett nokre gnostiske evangelieskrifter først og fremst frå Nag Hammadi-funna, truleg skrivne mellom år 150 og 300. Her blir forholdet mellom Jesus og disiplane, inkludert Maria, beskrive som eit nært lærar-elev-forhold. På gnostisk vis er det den frelsande kunnskapen det det heile dreiar seg om. Det er knapt mogleg å lesa desse tekstene som belegg for at Jesus og Maria var gifte. Det er heller ikkje særleg sannsynleg at eit erotisk forhold er underforstått i tekstene. Dessutan kan som nemnt desse skriftene av ulike grunnar ikkje tilleggjast særleg vekt som historiske kjelder.

Påstanden om at Jesus var gift med, eller i det minste hadde eit erotisk forhold til Maria Magdalena, manglar altså eit kvart holdepunkt i dei kjeldene som blir rekna for dei mest pålitelege. Endå om det kan vera freistande å spekulera over slikt, opnar ikkje det i seg sjølv for å lata fantasien overprøva det ein kan slå fast utfrå normal kjeldekritikk.

Det er likevel svært tvilsomt om denne avsløringa av Brown, og dei forfattarane han hentar idéane sine frå, på noko vis nokon gong kan retta opp den desinformasjonen som Da Vinci-koden kolporterer. Det er i alle høve knapt mogleg å tenkja seg at alle som les denne røvarromanen, på eige initiativ leitar opp noko av den kritiske og korrigerande litteraturen som elles finst lett tilgjengeleg. Og det er like utenkeleg at avsløringane av Brown og co skulle få den tabloidiserte mediaverda vår til å ta fram dei feitaste overskriftene sine. Rett nok har tradisjonell historievitskapeleg forskning av og til tidlegare skapt ein viss sensasjon når dei har teikna Jesus-bilete av eit slag som kyrkja ikkje har kjent seg heilt komfortabel med. Men når denne forskninga no slår andre vegen, og påviser at dei typisk postmoderne utgåvene av Jesus stort sett er reine fantasiprodukt, ja, til og med medvitne lystløgner, blir ho oppfatta som konvensjonell og uinteressant. Grundige kunnskapar bygd på ein veletablert vitskapelegdom er trass alt mellom dei ting ei postmoderne tid har minst sans for. Slikt kan nemleg setja grenser for kva ein fornuftigvis kan meina og tru, og det høver dårleg med postmoderne mentalitetar. For det postmoderne mennesket står korkje kyrkja eller historieforskinga sine Jesus-bilete til truande lenger. I staden lyttar det like interessert som ukritisk til meir fantasifulle og spekulative utgåver.

At kyrkja – og i dette tilfellet også historie- og bibelvitskapen – ikkje lenger får opinionen i tale, er likevel ikkje noko heilt nytt. Endå med det utdannings- og kunnskapsnivået vi likar å skryta på oss i dette landet, har det nemleg lenge rådd ei alarmerande kunnskapsløyse når det gjeld religion og religiøse forhold. I tillegg har tabloide media sytt for at fordommane nærmast stiller seg i kø når kristendom, kyrkje og teologi kjem på tale. At situasjonen er slik kan kanskje skuldast på ei dårleg religionsundervisning i skulen gjennom mange år. Men kanskje kan det skuldast like mykje på manglande kyrkjeleg engasjement og innsats på kunnskapsfronten.

Det er i alle høve først og fremst til desse to instansane, skulen og kyrkja, at utfordringa må gå. På begge hold er det sett i verk omfattande reformer på dette feltet det siste tiåret. Kristendomfaget er erstatta med KRL-faget, altså eit langt på veg allment religionsfag, og i kyrkja arbeider ein med å etablera ei omfattande eiga trusopplæring. Men om slike tiltak vil kunna rusta opp den allmenne kunnskapen på slik vis at folk flest greier å ta røvarromar som Da Vinci-koden med ei klype salt, ja, det står det att å sjå.

Nokre forslag til vidare lesnad

Baasland, Ernst: Ordet fanger. Bibelen og vår tid, Oslo 1991 (s. 7-114)

Davidsen, Bjørn Are: Da Vinci dekodet. Hemmeligheten bak ryktene om Jesus, Oslo 2005

Moxnes, Halvor: Hva er kristendom? Oslo 2006 (s. 6-52)

Skarsaune, Oskar: Den ukjente Jesus, Oslo 2005

© KRL-nettverket 2005
Statisk meny · Dette er en statisk forenklet utgave av et databasebasert nettsted · Dynamisk meny