Livssynskunnskapen i KRL
Om livssyn som studieobjekt og fagemne
Per M. Aadnanes, Professor ved Høgskulen i Volda
Denne hausten er det gjort gjeldande ein heilt ny læreplan for KRL-faget. Endringane er så pass omfattande at det enno ein gong er naudsynt med faglege og religionspedagogiske analysar og drøftingar. T.d. må det diskuterast kva for effektar og følgjer planen og intensjonane bakom han vil kunna ha for fagstoffet innanfor dei ulike fagfelta.
I denne artikkelen skal slik drøfting etter kvart avgrensast til spørsmål omkring livssynskunnskapsdelen i faget. Men aller først skal kunnskapsløft-utgåva av KRL diskuterast generelt. Deretter skal vi sjå nærare på omtalen av fagstoffet om livssyn i planen. Og til sist skal livssynskunnskap som fagområde drøftast meir allment. – Den sistnemnde sekvensen vil i det alt vesentlege repetera nokre synspunkt eg fremja i eit foredrag på ein KRL-konferanse for tre år sidan, og som sidan kom som artikkel i Prismet (5/02).
Det har gått berre åtte år sidan dette faget vart innført til erstatning for det tradisjonelle kristendomsfaget – og for det alternative tilbodet i livssynskunnskap. Og det er faktisk berre tre år sidan den opphavelege planen vart revidert. Dei viktigaste faktorane bakom dette raske omskiftet no er velkjende nok. Ei ny høgredominert borgarleg regjering fann tida inne til å setja i gong enno ei reform av heile grunnopplæringa, ei reform dei har gjeve det ambisiøse namnet Kunnskapsløftet. Dermed måtte også KRL-faget i støypeskeia på nytt. No vart rett nok revisjonsprosessen for dette faget skipla av ein konflikt om fritaksordninga, ein strid som enda med å påføra den norske staten eit nederlag i FN’s menneskerettskomite.
Det kan vera freistande å tru at ein slik ”dom” mot KRL-faget ville flytta fokuset i revisjonsprosessen frå dei faglege og fagdidaktiske spørsmåla og over på dei juridiske. Ein skal likevel ikkje overdriva effekten av dette. Dei formelle og pedagogiske rammevilkåra for reforma tillet nemleg i utgangspunktet knapt ei eigentleg ny gjennomtenking av sjølve faginnholdet. For det første skulle sjølve planteksten vera svært knapp i forma. Berre av denne grunnen har han vorte mindre presis og informativ om faginnholdet. For det andre skulle fagstoffet framleis sorterast i berre tre hovudområde, til skilnad frå dei opphavelege fem frå 1997. Og på same vis som i revisjonen av 2002 har det også her vore viktigare å slå fast det kvantitative forholdet mellom desse kunnskapsfelta, enn å karakterisera innholdet i dei nærare. Endeleg for det tredje fekk no uttrykket kompetansemål spela ein hovudrolle, etter alt å dømma for å avløysa den tradisjonelle differensieringa mellom kunnskaps-, dugleiks- og holdningsmål. Det avgjerande nye som løyner seg i denne språkbruken er likevel at det no er dugleiksdimensjonen som har fått ein dominerande status i faget. Sett på spissen kan det verka som om fagkunnskapen no først og fremst er til for å kunna demonstrera ”kompetanse” i forhold til dei fem opprekna "grunnleggjande dugleikane".
Kritikarar har peika på at reforma med dette kan ha kassert det som til no stort sett har vore den berande grunntanken bakom den norske einskapsskulen, nemleg å gje ei allmenndanning i pakt med ein felles nasjonal kunnskapskanon. (Jf. t.d. Peder Haug i Sunnmørsposten 11.08.05.) I eit samfunn der endringane på alle felt går svært fort er det kanskje freistande å tru at det ikkje er behov for slik felles basiskunnskap lenger. Det kan også liggja eit nytt og nokså postmoderne kunnskapssyn i dette. Legg ein mest vekt på at kunnskapen alltid er føreløpig og i endring, vil ein nemleg lett kunna tenkja instrumentelt og nyttefilosofisk om han. Det at kunnskapen blir forelda og heile tida må justerast, supplerast og fornyast for å kunna gjera nytte for seg, gjev han då berre tidsavgrensa verdi. Og ser ein det først slik, blir det sjølvsagt viktigare å tala om grunnleggjande dugleikar enn om basiskunnskapar.
Enkelte vil likevel meina at nettopp endringstakten på alle felt gjer grunnleggjande kunnskapar viktigare enn nokon gong før. Då ser ein gjerne all fagkunnskap – endå om han treng både justering og fornying heile tida – som berar av relativt varige grunnleggjande innsikter og forståingshorisontar. Dette gjev sjølv foranderleg kunnskap ein viss eigenverdi. Og det å operera med visse faglege basiskunnskapar skaper i tillegg også ein nytteverdi utover den reint instrumentelle. Felles basiskunnskapar vil nemleg ikkje berre kunna bidra til felles forståingsrammer, men også til større fellesskap i interesser, holdningar og ideal. – Ser ein det heile i eit slikt perspektiv kan det honnørordet politikarane har sett som namn på denne reforma lett få ein ufrivillig ironisk klang – på liknande vis som ”kvalitetsreforma” i høgare utdanning fort fekk ein slik lagnad.
På grunnlag av eit kunnskapssyn av det sistnemnde slaget er det nærliggjande å hevda at også KRL-faget treng eit fundament av nærare definert kunnskap, og det i minst like høg grad som oppøving i ulike dugleikar. Det store spørsmålet så langt er difor: Tillet den nye KRL-planen oss framleis å rekna med ein tilnærma ”kunnskapskanon” når det gjeld kristendommen, verdsreligionar og livssyn elles? – No er det ikkje meininga å granska heile KRL-faget utfrå dette spørsmålet her. I staden skal vi avgrensa oss til å sjå litt på det fagfeltet som knyter seg til stikkordet ”livssyn”.
Uttrykket ”religionar og livssyn” er flittig bruka også i den nye KRL-planen, ikkje minst i innleiingskapitlet, ”Formål med faget”. Denne samanstillinga representerer då også ein etablert språkbruk både allment og i skulesamanheng. Det kan likevel vera grunn til å studera den funksjonen dette uttrykket har som stikkord for eit fagstoff i denne planen.
På den eine sida synest uttrykket å jamstilla religionar og livssyn, fenomenologisk sett, som likearta storleikar. Hovudsaka vil då vera å framheva kor like kvarandre dei to fenomena er. Men på den andre sida kan uttrykket også oppfattast som ei opprekning av fleire ting. Og då kan poenget like gjerne vera at religionar og livssyn er to ulike slag fenomen. No utelukkar slett ikkje det eine poenget det andre. Tvert om kan det vera meiningsfullt å seia at livssyn på mange vis liknar på religionar, trass i at det er tale om noko ulike fenomen. Det er denne innsikta som ligg til grunn for den språkbruken der vi talar om ”eit religiøst livssyn” til skilnad frå den meir omfattande og mangfoldige storleiken ”religion”. Poenget er då at ein religion kan inkludera eit livssyn, samstundes som han slett ikkje kan seiast å vera berre ei form for livssyn.
Vi skal komma attende til ein nærare karakteristikk av dette forholdet nedanfor. Så langt skal vi berre notera oss at denne planen, på same vis som dei føregåande, formulerer seg så upresist på dette punktet, at det livssynsmessige fagstoffet faktisk blir skadelidande. Når planen aldri brukar uttykket ”religiøse livssyn”, er det såleis nærliggjande å lesa han slik at livssyn først og fremst er oppfatta som eit sekulært, ikkje-religiøst fenomen. Det er då også heilt tydeleg fleire stader i planen, t.d. i namnet på det aktuelle hovudområdet, at ein eigentleg meiner berre sekulære livssyn når ordet ”livssyn” er bruka. Ja, i dei fleste tilfelle er meininga til og med snevra ytterlegare inn, såleis at livssyn på det næraste er bruka synonymt med ”humanisme”/”livssynshumanisme”. Rett nok talar ein om ”utvalde livssyn” i karakteristikken av hovudområdet, men i kompetansemåla etter både 4. og 7. årssteg er berre humanismen nemnt. Først i måla etter 10. årssteget blir denne språkbruken nyansert noko. No krev ein at eleven skal kunna ”forklare særpreget ved livssynshumanismen i forhold til religioner og andre livssynstradisjoner”. Då blir det også spørsmål om å kunna ”beskrive hovedtrekk ved et livssyn utenom livssynshumanismen”, og å ”presentere eksempler på religionskritikk fra ulike livssynstradisjoner”. Den siste formuleringa impliserer likevel framleis ei forståing av livssyn som eit sekulært, kanskje og til og med eit anti-religiøst fenomen.
Rett nok talar KRL-planen om livstolking både når det gjeld verdsreligionane og humanismen i kompetansemåla etter 7. og 10. årssteget. Korleis dette omgrepet er forstått i forhold til ’livssyn’ er det likevel ikkje lett å bli klok på utfrå formuleringane i planen. Men reint allment er det nærliggjande å oppfatta ’livstolking’ meir konkret og situasjonsbunde enn ’livssyn’, som ei aktualisering og tilpasning av forestillingar og ideal henta frå dei tradisjonane det er tale om. Poenget er i alle høve at bruken av dette uttrykket ikkje maktar å endra planen sin klårt avgrensande bruk av ”livssyn” om berre dei sekulære utgåverne av dette fenomenet.
Konklusjonen på dette punktet er altså at ein snever og og til dels upresis språkbruk avgrensar livssynskunnskapen i denne planen nokså kraftig i forhold til slik dette fagfeltet elles framstår i forsknings- og studiesamanheng.
Denne innsnevringa av livssynskunnskapen i KRL-faget skaper eit nokså akutt behov for visse fagteoretiske merknader. Og om vi skal kunna seia noko meiningsfullt om kva dette emnet handlar om, unngår vi ikkje å sjå litt meir på sjølve omgrepet ’livssyn’.
Eit nærare studium av fagplanane i kristendomskunnskap og KRL dei siste 30-40 åra viser at pendelen har svinga frå å gje omgrepet eit altfor omfattande innhold til å gje det eit altfor snevert. (Jf. Prismet 5/02, s. 221ff.) Frå å ha oppfatta dei tradisjonelle religionane først og fremst som alternative livssyn, har ein altså til sist enda opp med å reservera dette ordet for berre sekulære åndstradisjonar. Båe desse forståingane er rett nok foreinlege med den innsikta at oppfatningar henta frå både filosofiske retningar og vitskapelege teoriar kan spela ei liknande rolle for menneske som det religiøse overtydingar gjer. Men medan den vide bruken av omgrepet ikkje tok på alvor at fenomenet religion oftast vil ha dominerande innslag av andre moment enn det forestillings- og idémessige, som t.d. det kultiske og rituelle, overser altså den snevre bruken av ordet at også religionane inkluderer livssynsmoment nettopp i kraft av den religiøse førestillingsverda si.
Problemet no er altså ei altfor sterk innsnevring av omrepet av ’livssyn’, og dermed også av livssynskunnskapen innanfor KRL-faget. Dette er uheldig, ikkje berre reint fagteoretisk, men også frå fagdidaktisk synsstad. Når KRL-planen viser ein så tydeleg tendens til å reservera ordet ”livssyn” for berre dei ikkje-religiøse livssyna, trugar det nemleg også ei tilstrekkeleg forståande kunnskapstileigning på dette feltet.
Det går sjølvsagt greitt å seia at det idémessige innholdet i eit livssyn ikkje treng å vera av det slaget vi elles ville kalla religiøst. Og dei verdslege livssynstradisjonane kan gjerne oppfattast som så grunnleggjande alternative til dei religiøse, at det i utgangspunktet gjer det legitimt å tala om dei som ein av to hovudtypar av livssyn. Men endå om vi kan finna det fornuftig å skilja mellom sekulære og religiøse trusførestillingar, talar vi likevel om det same grunnleggjande fenomenet, nemleg livssyn. Dette er då også underforstått i vanleg språkbruk, når ein t.d. talar om eit kristent livssyn til skilnad frå eit humanistisk. Vi ønskjer altså å framheva det temmeleg sjølvsagde at for å kunna klassifisera konkrete livssyn etter innholdsmessige kriterier, må ein forutsetja at ’livssyn’ let seg oppfatta som ein grunnleggjande fenomenologisk kategori. – Det er dette elementære skiljet mellom eit allment fenomen og det varierande innholdet det kan ha, som fagemnet livssynskunnskap i planen ikkje har makta å ta på alvor i denne omgangen heller.
I det som er sagt til no er det alt lagt til grunn at ordet ”livssyn” først og fremst viser til eit forestillingsinnhold. Samstundes er det klårt at i dette forestillingsinnholdet ligg det også verdi- og holdningsmessige moment. Vi seier gjerne at livssyn består av trusstandpunkt, meiningar og holdningar som er utvikla i forhold til ein del allmennmenneskelege spørsmål av religiøs, filosofisk og verdimessig art, gjerne kalla nettopp livsspørsmål. I første omgang talar vi altså om fenomenet livssyn som ein idémessig storleik. Men endå om altså det idémessige momentet må reknast som konstituerande for sjølve fenomenet, er det likevel ikkje tilstrekkeleg karakterisert berre ved å referera til dette. Som alle andre menneskelege fenomen opptrer livssyn alltid innanfor konkrete kontekstar og inngår dermed også i ulike funksjonssamanhengar. Og slike samanhengar har også relevans for forståinga – og dermed defineringa – av fenomenet. Dette skal utdupast litt nærare.
Eit heilt grunnleggjande skilje går mellom ein individuell og subjektiv kontekst på den eine sida, og ein overindividuell, kollektiv og dermed intersubjektiv kontekst på den andre. – I den subjektive konteksten ser vi fort at livssynet i alle høve er eit kognitivt fenomen; det kjem til uttrykk i erkjenning, forestillingar, fortståing, resonnement og argumentasjon. Likevel er ikkje alt sagt med det. Det er like viktig å sjå at det kognitive innholdet alltid er drege inn i ein vidare samanheng av andre psykologiske funksjonar. For den enkelte medfører livssyn og livssynsdanning nemleg eit emosjonelt engasjement, gjerne på slik vis at livssynet vev seg saman med den personlege utviklinga i det heile. Vi har mange uttrykk for dette slaget livssynsengasjement i daglegspråket; livssynet gjeld det ein kjenner seg forplikta av, det ein trur på, det ein byggjer på, det som gjev livet meining og innhold, etc. Med slike karakteristikkar gjer vi også livssynsdanninga hos individet, og dermed spørsmål av psykologisk, utviklingsmessig og pedagogisk art, til viktige tema for livssynskunnskapen.
Når det så gjeld det vi har kalla den intersubjektive konteksten, talar vi både om ein historisk og ein dagsaktuell sosiokulturell samanheng. Svært forenkla sagt gjeld det også her at det ikkje er nok å ”destillera” ut eit reint idémessig innhold frå det ein kan påvisa av overindividuelle livssynstradisjonar og -trendar. På dette nivået må ein i tillegg ta med at desse tradisjonane er vevde inn i sosiokulturelle funksjonssamanhengar. Det er tale om både ein gjensidig påverknad mellom livssynstradisjonane innbyrdes, og mellom desse og den allmenne kultur- og samfunnsutviklinga. Ein må også ta med i reknestykket dei endringane som kan skje over tid med sjølve dei sosiokulturelle rammevilkåra for livssynsfenomenet. Ulike historiske epokar kan tilby ulike vilkår for den rolle og funksjon livssyn kan ha både individuelt og kollektivt. Desse vilkåra kan finnast i alt frå tidstypiske mentalitetar, til forhold som har med kunnskapsproduksjon, undervisning, kommunikasjon og media å gjera. – Dette tyder at livssynskunnskap ikkje berre kan handla om ”isolerte” livssynstradisjonar og -trendar, religiøse som sekulære, men at dette emnet også må referera til eit breitt felt av samfunns- og kulturkunnskap. I klårtekst: livssynskunnskapen lyt nytta seg av innsikter frå alt veletablerte fagområde som filosofihistorie, idéhistorie, religionshistorie, kyrkjehistorie, litteraturhistorie etc.
Etter dette kan forholdet mellom livssynsemnet og religionskunnskapen summerast opp såleis:
Livssynskunnskapen handlar om slike forestillingar, ideal og holdningar som ulike åndshistoriske tradisjonar, rørsler og trendar tilbyr menneske i strevet deira med å finna svar på dei livsspørsmåla dei stiller seg. Samanlikna med den tradisjonelle religionskunnskapen fokuserer livssynsstudier altså ikkje berre på det bidraget religiøse tradisjonar gjev, men også på idéimpulsar frå filosofi, naturvitskap og andre sekulære og sekulariserande kulturkrefter. Trass i at det fenomenologisk sett er nærliggjande å studera både religiøse og sekulære livssyn under ein sams fagleg synsvinkel, tillet knapt dei etablerte rammene i religionsvitskapen at denne granskar ei livssynsdanning som først og fremst er under påverknad av sekulære agentar. For å kunna fanga opp heile breidda av moderne – og seinmoderne – livssynsproblematikk og livssynsdanning er det difor naudsynt å ha eit fagleg perspektiv som greier å fokusera på fenomenet livssyn i full breidde. Det er dette livssynskunnskapen kan tilby. Og då vil dette fagfeltet sjølvsagt også måtta handla om langt meir enn berre det eine sekulære livssynsstraumdraget KRL-planen kallar livssynshumanisme.
På bakgrunn av desse refleksjonane må konklusjonen bli at den KRL-planen som no er lagt fram som ein del av det såkalla kunnskapsløftet, ikkje berre kan mistenkjast for å invitera til eit kunnskapssyn av meir postmoderne slag, men diverre også lyt klagast for å kvila på ei utilstrekkeleg forståing av det kunnskapsfeltet som knyter seg til fenomenet livssyn.
| © KRL-nettverket 2005 |
| Statisk meny · Dette er en statisk forenklet utgave av et databasebasert nettsted · Dynamisk meny |